Skjult Volda-vedtak 2

Framtida til Volda sjukehus kjem an på svaret på eitt spørsmål – Bur du på Stryn og får hjarteinfarkt eller akutt blindtarm, meiner du rimeleg reisetid er 106 minutter til Førde sjukehus på humpete og nedsnødde veger, eller klarar det seg med 52 minutt til Volda sjukehus på nye Kvivsvegen som delvis ligg i tunnel?

Eller sagt på anna vis – Er pasientane til for helseføretaka, eller er helseføretaka til for pasientane? Tillitsvalde i legeforeninga krev ei politisk avklaring, og i brev til styret i helseføretaket vert det mellom anna peika på at det vil vere meiningslaust å bruke milliardar på ny kommunikasjon, dersom dette ikkje gir betring i ulike tilbod til pasientane og befolkninga generelt.

Dette er ei prinsipiell og politisk avgjerd. Men det speler ei stor rolle kva synspunkt føretaksleiinga har på saka, og om Volda sjukehus vert bygd ned så raskt at det uansett snart er ”game over”.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s