Soga om sjukehuset som ikkje skulle ribbast 1

Det vart ein gong gjeve lovnad om at det skulde bygjast nytt sjukehus i sjukehusbyen Molde. Lovnaden vart gjenteken fleire gonger, men åra gjekk, og til sist vart lovnaden gløymd. Då sa statsministeren at den som torde nemne lovnaden, han skulle ikkje få sitte ved kongens bord under riksvåpenet med løvane

Men så kom dagen då det hadde vore sjukehus i Molde i heile 300 år. Samstundes skulle det haldast val i kongeriket. Slik gjekk det føre seg at statsministeren gav ei befaling til sitt sendebod, styreleiar Kvalshaug, som sa fram ein ny lovnad. Den var så mykje venare enn den gamle, og Kvalshaug sa og, at den her gongen skulle ikkje lovnaden gløymast!

Eit nytt sjukehus skulle byggjast, gild og framtidsretta. Og sjukehuset skulde ikkje verte ribba før innhald. Jamvel frå heilage St. Olavs hospital skulle dei sjuke kome og vitje det nye sjukehuset. Kvalshaug kalla det for «offensive ambisjonar».

Når Kvalshaug hadde talt, så gjekk tida og ikkje noko hende det neste året. Dronninga vart meir og meir fattegsleg for kvar dag, men det var ikkje hennar skuld, for ho hadde prøvd alt ho kunne. Det var og slik at statsministeren hadde fått avløysing, men dronninga var han tro, og ho sa difor til styreleiaren at han berre måtte gløyma det dei hadde lova folket før valet.

Korleis gjekk det så til sist med det som ein gong hadde vore eit blomstrande sjukehus i sjukehusbyen Molde? Du skal få vite etterkvart, men ikkje veit eg om du likar det du får høyre…

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s